Desse kan søke om kulturmidlar
- Det kan bli gitt kulturmidlar til lag, organisasjonar, institusjonar og personar som driv eller vil starte kulturverksemd i Bygland kommune.
- Det blir ikkje gitt kulturmidlar etter desse retningslinjene til kommersiell kulturverksemd. Tilskot til kommersiell kulturverksemd skal bli vurdert konkret frå sak til sak. Det vil då bli lagt vekt på næringsmessige og andre ringverknader i Bygland kommune.
- Er ein organisasjon delt opp i ulike grupper/avdelingar eller liknande skal søknader bli sendt gjennom hovudlaget.
- Organisasjonar som driv interkommunalt kan få tilskot i høve kor mange medlemmer dei har i Bygland kommune og til aktivitetar/tilskipingar/investeringar i Bygland kommune.
- Retningslinane har spesielt fokus på aktivitet retta mot barn og unge.
Det blir ikkje gitt tilskot etter desse retningslinjene til:
- Lag som primært tek vare på yrkes- og økonomiske interesser til medlemmene.
- Politiske parti og politiske aksjonar.
- Organisasjonar som ikkje er opne for alle
- Reint kommersielle tiltak
Kommunedirektøren har fullmakt til å tildele kulturmidlar i samsvar med vedtekne retningsliner.
Klageinstans:
Levekårsutvalet er klageinstans for klagar på vedtak om tilskot.