Førehandskonferanse er ei frivillig ordning der tiltakshavar og kommunen møtast for å avklare føresetnader for byggetiltaket og rammene for den vidare saksbehandlinga.
Ein kan ha førehandskonferanse ved alle tiltak etter plan- og bygningsloven.
- For tiltak som du sjølv kan søke om jf. pbl § 20-4, kan du møte kommunen aleine.
- For tiltak som krev at du engasjerar eit føretak til å ta seg av heile søknadsprosessen (ansvarleg søkar), bør du ha med deg nokon frå føretaket til møtet.
Du skal på førehand gi kommunen dei opplysningane som er naudsynte for å førebu konferansen.
Følgjande dokumentasjon er obligatorisk og skal bli sendt inn elektronisk som vedlegg i skjemaet:
- Kartutsnitt med innteikna tiltak
- Skisser/teikningar av tiltaket
- Beskrivelse av tiltaket
- Eventuelt foto av eksisterande tiltak (bygg)
Dokumenta kan du laste opp på sida "Vedlegg", i slutten av skjemaet.